Løypesjef Bjørnar Bakken fekk ikkje mange timene med søvn før årets sprint i skiløypene på Gålå.

- Løypemaskina streika, seier Bjørnar Bakken til Dølen laurdag.

Tor Suleng i Gålå Turløyper forklarar til Dølen at det var navet på den nye maskina som låste seg.

Strålande løypeforhold

Gålåsprinten er laurdag godt i gang, i utmerka løyper. Norges beste sprintarar (som ikkje er i Kusamo og går World Cup), er samla på Gålå i helga. Derfor var stressnivået ekstra høgt i nattetimane da utstyret svikta.

- Alle har stilt opp og vore utruleg hjelpsame, og det treng vi for å få dette arrangementet på beina, seier Bakken, som er full av lovord over velviljen arrangørane møter i lokalmiljøet.

Lån av maskin frå alpinanlegget vart redninga i nattetimane, fortel Bakken.

- Vi fekk låne ei maskin av dei så vi fekk tauga bort den defekte maskina, fortel Tor Suleng.

Mange frivillige

Om lag 150 lokale frivillige er med under Gålåsprinten som arrangerast av Gålå idrettsanlegg, eit "sameige" mellom Sør-Fron IL, Vinstra IL, Harpefoss IL, Ruste IL og Tormod Skilag.

Lokale utøvarar på startstreken denne helga er Emil Nyeng frå Ringebu Fåvang skilklubb og Mari Virik Nøvik frå STEIL.

Barbro Kvåle frå Lillehammer skiklubb vann kvinnenes sprint laurdag framfor mellom andre marthe Kristoffersen. Foto: Bjørn Sletten