Det meste av spenninga under nostalgikampen i Kvam laurdag var knytt til kor lenge dei to laga sine spelarar ville halde ut. Og publikum på tribunen fekk bra valuta for pengane i form av tidvis god underhaldning.

I følgje speaker Ole Kristian Rudland var det publikumsrekord: 680 betalande såg kampen mellom veteranane frå Kvam og Heidal-Faukstad. På banen var spelarar frå dei to laga som spelte mellom 1980 og 1986.

Heidølane starta best

Det var heidølane som kom best i gang. Fleire gode angrep førte gjestane opp i tomålsledelse halvvegs i fyrste omgang, men så reduderte Kvam på straffe. Målskårar var Vidar Jensvoll.

Etter at Heidal Faukstad i andre omgang så gjekk opp i tremålsleeing, 1-4, viste Jensvoll seg igjen etter at Simen Killi fyrst hadde redusert til 4-2 for Kvam - nok ein gong på straffe. Dei siste ti minutta slo Kvam noko overraskande attende, og med to gode mål frå Jensvoll vart sliuttresultatet 4-4. Og det var i grunnen ganske passande denne varme laurdagen i idrettsparken i Kvam.

Dølen kjem attende med meir i papirutgåva torsdag.

680 betalande såg kampen mellom veteranane frå Kvam og Heidal-Faukstad. Foto: Bjørn Sletten