Derfor spelar Awara frå Irak og eit tjuetals andre flyktningar fotball i Kvamshallen midt på dagen ein onsdag.

– Eg har spela fotball før, men nå er det to år sidan – eg burde nok slutte å røyke, seier irakaren, og ber seg ille for kondisen.

Støtte til aktiviteter

Det er gjennom NIFs flyktningfond Kvam Il har fått støtte til å setja i gang eit aktivitetstilbod for dei som bur på Kirketeigen. Eller, tilbodet til Kirketeigen frå idrettslaget, om lov til å bruke hallen, kom i gang før ordninga frå idrettsforbundet vart ein realitet.

I slutten av november fekk Kvam Il etter søknad 25 000 kroner inn på konto, og hallen er open to timar om dagen frå måndag til fredag. Onsdagar er sportsleg leiar Svein Håvard Steinli med for å legge til rette for aktiviteter.

– Det er fotball dei vil ha, for det meste, seier Steinli.

I hallen ligg temperaturen omkring to minus. To lag, med tolk, men utan dommar, får opp temperaturen og pulsen på kunstgraset.

Bra motteke

Ved sidelinja møter vi ein nøgd akuttmottaksdrivar. Pål Johansen skryter uhemma både av bebuarane «sine», som han seier, og for måten mottaket har vorte møtt på Kvam.

– Anten det er at vi har gjort noko rett, eller at vi har vore heldige med folka vi har fått, veit eg ikkje, men det er utruleg givande, seier han, og heiar på Kirketeigen United, som han kallar dei.

Med på laget denne dagen er også Erlend Myromslien og Samuel Aakre; dei to fotballgutane har hatt tentamen, og gav seg med på kvar sitt lag når dei kom til hallen for å trene.

– Vi skulle berre opp for å skyte litt med ball, vi, og så vart vi med, seier dei.