Gjennom dei tre siste åra har bonden i Midtdalen vorte sett ekstra pris på, gjennom kåringa av Årets Midtdalsbonde. Prisen har vore ein del av prosjektet Midtdalsbonden inn i framtida, som nå er avslutta, men kåringa har vore så vellukka, at Primærværingsutvalet i Midt-Gudbrandsdal vel å vidareføre den.

– Å kåre Årets midtdalsbonde gir oss ein moglegheit til å vise fram nokre av dei flinke og driftige bøndene i Midtdalen. Samstundes får resten av innbyggjarane innblikk i det viktige arbeidet som det trass alt ligg i å vera matprodusent, seier medlem av primærnæringsutvalet, Kjell Arne Kaus.

– Det viser seg at sjølv i vårt område er det mange som ikkje har kjennskap til det arbeidet som blir lagt ned for å produsere trygg og god mat, legg han til.

Lyfte fram bøndene

Gjennom kåringa er det folket sjølv som kan foreslå kandidatar til å vinne prisen. Prisen skal gå til bønder som tør å satse og som tenkjer positivt om framtida. Ein jury, som består av representant frå primærnæringsutvalet, Sparebank 1 Gudbrandsdalen og frå Dølen, i tillegg til sekretær Anne Berit Grasbakken frå Fylkesmannen i Oppland, vel ut tre finalistar som alle blir presentert i lokalavisa på seinsommaren.

– Det vi ønskjer å legge vekt på når vi skal vurdere kandidatane, er at dei profilerer landbruket på ein positiv måte, og at dei er flinke til å bygge relasjonar mellom landbruk og samfunnet elles i dalen. Vi leiter også etter dei som viser framtidstru for næringa, seier Kaus.

Det ligg ikkje inne noko krav om verken størrelse på garden eller på type produksjon. Det handlar om å lyfte fram dei som fortener å bli sett.

Her er dei nominerte:

1. Øyvind Sandvold, Sødorp

2. Ole Asmund Sylte og Gunhild Wetterhus Sylte, Fåvang

3. Lars Ole Auglestad, Kvarvet