Prisen ble delt ut under Fårikålfestivalen på Ringebu, og det var to glade prisvinnere som tok i mot prisen fra Erik Odlo, leder av styringsgruppa i prosjektet Midtdalsbonden inn i framtida.

Her kan du lese intervjuet vi gjorde med Egil og Wenche når de ble presentert som en av de nominerte:

Satsar på framtida

Egil Brenden og Wenche Rønningen driv garden Brenna i Sør-Fron. Saman med ungane Petter (12), Emil (9) og Ola (7) satsar dei stort, på ei framtid i landbruket.

Det synlege beviset står snart klart til innflytting, eit moderne lausdriftsfjos med robot, kostnadsrekna til 6.2 millionar kroner. Dei femten mjølkekyrne dei har, skal supplerast med nesten like mange til, når nyfjoset er klart.

Kyrne har fjellfri

Kyrne er for tida på fjellferie på Baukholsstulen. Der bur dei frå mai til september, saman med mor til Egil, som er budeie. Setra deira er den siste som er i drift med mjølkekyr på denne stulen.– Det er nok ikkje så enkelt å slutte med det heller, når ho har drive med det i 37 år, seier Wenche. Egil hugsar godt når det var fleire med setring.– Da eg var liten var det vel fem setre der som hadde drift, på slutten av 70-talet. Eg var med der heile sommaren. Likeeins er det gjevt å få vera på setra for ungane våre, fortel Egil, og minnest når dei reiste til skulen frå setra om hausten.

Ungane er ivrige medhjelparar på garden, og har så langt ordna seg imellom korleis dei skal ha det i framtida: Emil skal drive garden, Petter skal få lov til å vera avløysar.  I allefall slik Emil ser det. – Han her gler seg nok i allefall til å køyre traktor, seier Wenche om Petter. Sjølv konstaterer han at det er han som rår med kven som skal ta over, eldstegut som han er.– Dei har fått vore med i traktoren og i fjoset frå dei var små. Det er viktig å ta dei med, slik at dei får interessa, og vi får syne fram gleda ved det, seier Wenche.

Eigeninnsats

Det nye fjoset skal vera klart til bruk i månadsskiftet september–oktober. Dei er litt spente på overgangen til robot-mjølking for kyrne, men trur det skal gå greitt, og at det kan bli betre for dyra. – Eg er litt spent, men dei går vel etter kraftforet. Andre som har prøvd seier det går fort å få dei inn i vanen, seier Egil. I dag har garden ei kvote på 95-96 tonn mjølk, og har leigd seg ytterlegare 90 tonn, slik at dei neste år skal opp i 185 tonn.Dei er samde om at satsinga er viktig for framtida til garden. – Vi må jo satse, elles er det ingen som vil ta over. Men støtta vi har fått frå Innovasjon Norge er ein føresetnad for at det går an, seier dei. Støtta er på reint tilskot og rentestøtte, 1.2 millionar kroner. – Potten der burde nok vore større. Det var 100 søknader inne, men kanskje under halvparten som fekk. Men søknadsmassa syner i allefall at mange vil satse, seier dei.

Ser optimisme

Egil og Wenche er samde om at det er teikn til optimisme i næringa i Midtdalen. Dei reknar kjapt opp og kjem til åtte nye fjøs dei siste tre åra. – Det er klart vi er heilt avhengige av støtta vi får frå Innovasjon Norge, seier dei. Og så er det eigeninnsatsen da, der Egil har lagt ned mange timar på det nye fjoset. Sidan påske estimerer dei at 5-600 timar har gått med til arbeid der. Og det kjem i tillegg til anna jobb, som golvstøypar. Mellom anna andre fjosgolv. – I dag har eg vore på Elverum. Det er kufjos vi støyper der også, fortel han.Wenche jobbar og utanom garden, på Gålå handel. I tillegg er ho vald inn i kommunestyret i Sør-Fron, og stiller også til val for Senterpartiet i haust. Fritidsproblem kjenner dei ikkje til, med andre ord.

Sysselsetting

Landbrukssamvirket er også viktig for brukarane i Brenna. – Vi leverer til Tine og Nortura, og sjølv om vi ser det kan vera viktig at dei har konkurranse, er det skummelt å sjå nedover i Europa, der kvotene er borte og alt er marknadsstyrt. Prisane går rett ned, og det er ikkje mykje omsut med distrikta, seier Egil. I Gudbrandsdalen er landbruket viktig for å bevare busettinga, sysselset mange også utanom gardane, peikar dei på. – Distriktet vårt treng landbruket for å oppretthalde bygdene. Det er ikkje alt ein kan sentralisera, meiner Egil.Ønsket er da også at lina skal førast vidare, og at ein av ungane vil ta over. Men gjerne via ein omveg.– Det er jo greitt om ungane prøver noko anna nokre år, slik at dei kan ha noko utanom garden også, det har mykje å seie for et sosiale, meiner mor Wenche. Og så er det viktig at dei driv garden om dei tek over, og ikkje berre har den som buplass, meiner ho.

Er med på «alt»

Utbygginga er eit stort steg, vedgår Egil, både arbeidsmessig og gjeldsmessig. Men vurderinga deira er at det snart er einaste løysinga, både på grunn av gamalt båsfjos med manuell mjølking og jobben han har utanom.– Vi bygger jo ut for at det skal vera attraktivt å ta over. I tillegg blir det meir fleksibelt, og gjer det lettare å vera med ungane på trening, til dømes, seier Egil.Akkurat det får Petter til å kikke opp frå nettbrettet.– Eg gler meg til roboten er ferdig, for da kan du vera med meg på cross-trening, da skal eg juble, seier han.Cross-trening, fotball, ski og skihopp tek si tid – dei tre gutane er aktive typer. Og det blir ikkje berre  trening, renn og kampar for foreldra, men dugnader også. Nabokona Inger Suleng er innom, og stadfester at desse to er med på dugnad støtt – gjerne begge to. – Ungane er tålmodige, da, dei er med oss på det meste. Og vi tykkjer det er viktig å ta vare på dugnadsanden. Har vi ikkje det, overlever ikkje ulike lag, og då får vi ikkje aktiviteter heller, seier Wenche. –Men dugnad er no frivillig, meiner Petter. –Nei, eigentleg ikkje, har ein med nokon på noko, er det heilt naudsynt, seier Egil.

Wenche skyt inn at dei har god hjelp av vener og familie, som stiller opp og kjører, når dei ikkje er ferdig med det dei driv med sjølve, før treningar og liknande. – Og heldigvis har vi fått alle tre med på same aktivitetene, ler Wenche.