Anmeldt av Bjørn Sletten

Ei kvar plateutgiving i Midtdalen og Gudbrandsdalen er ei begivenheit, rett og slett fordi det skjer så sjeldan. Men når midtdalsbandet Wasted nå gir ut plate er det verdt å merke seg begivenheita av fleire grunnar: Fyrst og fremst på grunn av kvaliteten.

«Are you ready for a good time» er fyrste strofa på plata, henta frå låta «King of the world». Og det er ingen tvil om at Wasted har ønskt å lage ei plate som skal gi både dei sjølve og oss andre “a good time”. For det er umogleg å ikkje bli smitta av den gode stemninga Wasted må ha følt under innspelinga – den skin gjennom i nær sagt alle spor.

Krydra med detaljar

Plata startar forrykande. Dei tre fyrste kutta, «King og the World», «Ready to Roll» og «The Things you Say», er ei oppvising i fengande, tunge gitarriff snekra saman med gode låtar.

Men Wasted gjer meir enn å berre sleppe frå seg ei plate med 12 streite rockelåtar. For dette er rock av det velkrydra slaget. Kvar einaste låt har element som anten overraskar eller får deg til å dra på smilebandet. Det er slike detaljar du sit på nachspiel og ventar på, mens du overtyder kameratane om at dei må «høre nå!».

Alle desse elementa er å finne gjennom dei tolv spora på plata, både gjennom koringar av det fiffige slaget, småvirtuose gitarsprang, eller eit trommebrekk etter låta er slutt (!). Dei to musikalske ringrevane Kay Helge Stuen (bass) og Kenneth Aspeslåen (gitar) skal nok ha ein del av æra for dette, men Wasted er fyrst og fremst eit band som let bra saman, og låtane er kollektivt komponert, i følgje bandet sjølv. Det høyrer ein. Dette er eit band som gir kvarandre plass. Og takk og pris at det framleis finst band som dreg på med skikkelege gitarsoloar (og dobling av gitarriff). Det er kanskje ikkje stugureint i alle miljø, men «køm faen hefte seg med slikt», som Peer Gynt seier.

Allsang-potensiale

Skal ein pirke på noko på plata måtte det vera ikkje er gjennomgåande Nobel-kvalitet på tekstene. Når det er sagt: Det er langt frå utan brodd i tekstene sine. Og siste halvdel av plata er dystrare, både musikalsk og tekstleg, noko spennet mellom strofene «I am the King of the World» og «please don’t tell me what I’m supposed to be» fortel ein del om. Nest siste låt, den åtte minutt lange «Look at yourself» er eit godt døme på at Wasted er eit band å rekne med. Her siterer og låner dei freidig frå utallige musikalske førebilete, men gjer det til sitt. Kanskje ikkje den låta flest syng med på når når bandet står på scena på Kolonialen på Vinstra i samband med platesleppet fredag 26. og laurdag 27. august.

Men her er det nok av allsang-potensiale elles. Så får ein håpe for bandets del at dei kan ta steget ut av pøbben også – kvaliteten på «Ready to Roll» fortel at Wasted er blitt mykje meir enn berre eit pøbb-band.