- Ringebu kommune kan jobbe vidare med planlegging av to ulike traséalternativ på strekninga Elstad – Gunstadmoen. Regjeringa meiner planarbeidet bør vidareførast med Ringebu kommune som vedtaksmyndigheit, og det tas derfor ikkje i bruk statlig plan, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i meldinga.

Møtte fleire

Ordførar Arne Fossmo og fleire har møtt i samferdselsdepartementet i dag, for mellom anna å få svar på dette.  I tillegg til statssekretær Tom Cato Karlsen frå SD var også Per Willy Amundsen frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet med i møtet, i tillegg til folk frå Vegdirektoratet.

Etter møtet er det ein letta Fossmo som snakkar med Dølen.

Det største hinderet nå for å få til ei heilskapleg bygging av E6 har vore usikkerheita omkring midlar til prosjektering og ferdigstilling av nytt vassverk i Ringebu.

- Vi er nå lova at dette skal gå av midlar Statens vegvesen allereie har fått bevilga, og vi skal motta skriftleg stadfesting om det innan kort tid. Det var det vi var opptekne av å få på plass nå, og eg er svært glad for å ha fått det til, seier Fossmo.

Kan bli klart til 2019

Potten er på 100 millionar kroner til nytt vassverk. Planlegging og regulering skal vera ferdig i løpet av 2017, i følge lovnadene ringebudelegasjonen fekk i dag.

Positive signal om ei heilheitleg utbygging var det også.

- Vi fekk signal om at det kan bli byggestart på etappe to med Gunstadmoen -Frya og Sjoa-Otta i 2018, under føresetnad av at prioritering av prosjektet er med i fyrste del av NTP til våren, seier Fossmo.

Det betyr at også Elstad-Gunstadmoen kan få byggestart før 2020, når vassverket har ferdigstillingstid på to år.

Vil kutte trase 1.3.

Attende i Ringebu kjem ordførar Arne Fossmo be om sak til kommunestyret så fort som råd, vedrørande den vidare planlegginga av trase til E6.

- Eg kjem til å gå inn for at vi legg bort trase 1.3., og konsentrerar oss om 1.1., som kommunen har vedtak om, seier Fossmo.

Han vonar å kunne gå i dialog om dei varsla motsegnene frå mellom anna NVE og Fylkesmannen.

- På ein måte er vi tilbake til start, men vi håpar på ei rask behandling nå, seier Fossmo.

Med seg til Oslo hadde han UPT-leiar Amund Sønsteli, Anita Lillegård og Audun Amundsen. Olemic Thommesen var også med på møtet.