Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron bør primært bli ein kommune, meiner Fylkesmannen, sjølv om det også er antyda ei mogleghet for deling av Midtdalen der Sør-Fron og Ringebu går sørover og Nord-Fron blir slått saman med Sel og Vågå.

Helst ein sterk Midtdalsregion

Fylkesmann Sigurd Tremoen presenterte framlegget i ei pressekonferanse torsdag morgon.

– Det er i hovudsak to tilhøve vi har sett på i arbeidet med å skissere ein struktur, det eine er tenesteproduksjon, det andre er samfunnsutviklingsrolla til kommunane, seier Tremoen.

Mellom åtte og ti kommunar meiner Tremoen er passe for ein framtidig struktur i Oppland. I dag er det 26 kommunar i Oppland fylke.

I Midtdalen har Fylkesmannen sett på at Ringebu har tilknytning både nordover og sørover.

– Fylkesmannen ser at det kan vera eit alternativ å splitte Midtdalen, men meiner det er mest fornuftig og hensiktsmessig at Ringebu er med i ein sterk Midtdalsregion, som da består av Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu, seier han.

Ikkje samanslåing nå

Fylkesmannen vil ha respekt for prosessane kommunane har hatt og vedtaka dei har gjort. Stortinget har også vedteke at det skal vera reell frivilligheit for kommunane, og dermed er det ikkje grunnlag for samanslåing av kommunar nå. Det er likevel innstillinga til Fylkesmannen at reformprosessen må halde fram.

– Ufrivillig små kommunar bør ein vurdere å kompensera, slik at dei ikkje får ei lågare inntekt som følge av at nabokommunar ikkje vil slå seg saman med dei, seier Tremoen.

Det gjeld mellom anna Sør-Fron kommune.

– Det er et håndslag vi set pris på, og det syner at vi har nådd fram med argumentasjonen vår, seier ordførar i Sør-Fron, Ole Tvete Muriteigen.

Han seier det er urimeleg at dei med eit nytt inntektssystem skal bli straffa som lita kommune, når nesten to tredelar av dei som røysta over ein Midtdalskommune, sa ja.

Muriteigen er usikker på framtida til kommunereforma, men peikar samstundes på Stortinget si haldning til endring i strukturen.

– Dette går jo ikkje over, så lenge det er eit stortingsfleirtal, men det må leggast opp på ein annan måte, seier han.

Utflytting av statlege funksjonar

Det same seier Muriteigens kollega i nord, Rune Støstad.

– Nå har vi gjort vår jobb, Fylkesmannen gjer sin jobb, og så blir det opp til Stortinget. Eg registrerer at framlegget frå Fylkesmannen samanfell med kommunestyrevedtaket i Nord-Fron, med å be Stortinget om større tydelegheit og meir overføring av ansvar og oppgåver, og ikkje minst utflytting av statlege funksjonar, seier han.

Møter midtdølane 23. september

Ringebuordførar Arne Fossmo forheld seg til kommunestyret sitt vedtak i Ringebu.

– Vi har gjort ein jobb med å jobbe fram ein intensjonsavtale, og vi har spurt innbyggjarane våre om råd. Vi fekk eit tydeleg svar, og kommunestyrevedtaket respekterer det valet innbyggjarane våre tok, seier han.

Fylkesmannen møter dei tre midtdalskommunane på Spidsbergseter den 23. september.