Onsdag behandla Fylkestinget regional plan for attraktive byar og tettstader i Oppland. Ei av dei viktigaste sakene lokalt har vore å få status som regionalt senter for Vinstra.

– Vi ønskjer at Vinstra skal få status som regionalt senter, sa fylkesvaraordførar Ivar Odnes, som mellom anna refererte til prosjektet Vinstra 2046 som viktig å støtte opp om.

Samrøystes

Nord-Fron kommune, etter kvart med støtte frå regionrådet i Midt-Gudbrandsdalen, har kjempa for at også Midtdalen skulle ha regionsenterstatus, mellom anna på lik line med Otta i Nord-Gudbrandsdalen.

Eit samrøystes fylkesting sa onsdag ja til forslaget.

– Eg trudde eigentleg ikkje at vi kunne få det gjennom. Dette er ein stor seier, meiner ordførar Rune Støstad i Nord-Fron.

Glad vinstraver

Arbeidarpartiets Endre Fagervold stilte på sitt fyrste fylkestingsmøte onsdag. Han fekk god grunn til å smile.

– Som ein ekte Vinstraver må eg prate om Vinstra. Eg er veldig glad for dette forslaget. Det skjer mykje på Vinstra om dagen. Det investerast for om lag ein milliard kroner. Etter år med nedadgåande trend er byen vorte attraktiv. Det kjem nye næringsbygg – heile ti nye etableringar berre i år. Når det gjeld statusen som regionalt senter, er midtdalen den einaste regionen utan en slik status. Så kjære fylkesting – det handlar om å lyfte og støtte dei regionane der det er vekst. Eg er kjempeglad for at dette nå blir vedtatt, og eg kan gå ned att frå talarstolen som ein blid vinstraver, sa Fagervold til Fylkestinget.

Støtte i Kvam og Ringebu

Også veteran Gunnar Tore Stenseng var godt nøgd med vedtaket.

– De har nettopp sett ein blid vinstraver – her er ein blid kvamver. Eg er like glad som Fagervold for at dette – heilt naturleg – kjem på plass, sa Stenseng.

Ringebyggingen Mona Lillegård (FRP), var også glad.

– Her er nok ein blid midtdøl. Vi i Frp støtter dette forslaget, og ser ser viktigheita av å få dette på plass også i Midtdalen. Sjølvsagt kunne eg tenkt meg Ringebu som regonalt senter, men Vinstra får vår stemme, sa Lillegård.