Oppland Fylkeskommune vil redusere talet på regionale handelssentra i fylket. I Gudbrandsdalen er det berre Otta fylket ønskjer skal ha ein slik status.

Reduserer talet på sentra

I regional plan for attraktive byer og tettstader, er Vinstra ikkje medrekna som regionalt handelssentrum. Vinstra har ikkje den statusen i dag og er heller ikkje foreslått i ny plan. I dagens plan er det seks slike sentra, men fylkestinget skal redusere til fem. Derfor er også Raufoss foreslått fjerna.

Færre og større stader

Ordførar i Nord-Fron, Rune Støstad, seier til Dølen at kommunen jobbar for at Vinstra skal få ein slik status.

– Eg ser på det som ei utfordring vi må jobbe hardare med. De siste åra har ikkje Vinstra vore definert som regionalt handelssenter, og er heller ikkje foreslått nå. Arbeidet med denne planen starta i 2013 og her har vi ikkje lykkast med å påverke i prosessen, seier Støstad til Dølen.

Oppland fylkeskommune på si side, meiner dei speler på nok hestar allereie.

– Kreftane må samlas om færre og større stader som blir robuste nok til å bli attraktive. Denne planen handlar om kvifor og korleis dette må og kan gjeras, uttalte Per Erik Fonkalsrud, rådgivar og arkitekt i Oppland fylkeskommune til Dølen da planen vart sendt ut på høring.

Vil presse på for å få fylket til å sjå Vinstra

Ordførar Støstad på si side har ikkje tenkt å gi opp kampen om å få Vinstra definert som regionalt handelssenter.

– Eg meiner at Vinstra har eit potensial til å bli eit handelssenter for heile Gudbrandsdalen. Det seier eg med bakgrunn i den store aktiviteten som vi merkar nå. Vi er i dialog med fleire investorar som jobbar iherdig for å få til nyetableringar. Samtidig må vi legge meir press på regionale myndigheiter for å få dei til å sjå potensialet vårt også.

– Like gode kvalitetar

I dag er det berre Otta som er definert som regionalt senter innan handelssenter i Gudbrandsdalen.

– Eg meiner at vi i vår region, med både Ringebu og Vinstra, har like gode kvalitetar og like stort potensial. Saman med næringslivet må vi jobbe hardare for å synleggjere det, avsluttar Støstad.

Saka om regionale handelssentrum må ikkje forsvekslast med debatten om regionsenter, som også har vore ein varm potet i Midtdalen gjennom fleire år.

– Eg meiner at vi i vår region har like gode kvalitetar og like stort potensial. Saman med næringslivet må vi jobbe hardare for å synleggjere det, seier Rune Støstad. Foto: Bjørn Sletten/arkiv