Fredag er det nemleg klart for den tradisjonelle kyrkjekonserten i Sør-Fron kyrkje.

– Jazz, folkemusikk, folkrock – eigentleg alt mogleg.

Slik oppsumerer Betina Nylund og Marit Rolstad fredagens kyrkjekonsert i regi av musikk- og danselina på Vinstra vidaregåande skule.

Konserten blir litt ekstra spesiell for dei to tredjeklassingane i år.

– Det er noko du gler deg utruleg til. Og så er det veldig trist at det er siste gongen vår i år, seier Betina Nylund.

Forventningar

Kyrkjekonserten i Sør-Fron har vore arrangert heilt sidan oppstarten av musikklina i 1992.

– Heilt frå ein går i fyrste klasse på musikk- og danselina er det store forventningar til denne konserten, nye elevar høyrer mykje om den. Det er ein stor produksjon med mykje som skal falle på plass, seier Marit Rolstad.

Leiar for musikk- og danselina, Vegard Moshagen, seier til Dølen at kyrkjekonserten er «ei veldig spesiell greie» for alle involverte.

– Nå har vi jobba eit halvt år, vi har fått ei ny fyrsteklasse, og dei som var andreklasse i fjor, er nå tredjeklasse. Det er mange rollebyter. Nokon får oppleve tradisjonen for fyrste gong, og mens dei eldste rykkar opp og tek eit stort ansvar. Det er ei veldig spesiell greie, seier Moshagen.

Les meir om konserten i papirutgåva av Dølen torsdag 1. desember. Abonnere på Dølen?  Klikk her!