Hausten 2015 vart ei ekstra skjerma avdeling for to særleg ressurskrevjande brukarar oppretta ved Sundtunet.

Redusert frå tre til to

Larsen sier han da tenkte det kom til å bli tilsett to nye pleiarar til å dekkje opp behovet ved denne avdelinga. Det skjedde ikkje. I staden vart ein personalressurs frå kvar av dei to eksisterande avdelingane sett over på den nye avdelinga. Dermed vart grunnbemanninga på dagtid på kvar avdeling redusert frå tre, til to. Ved kvar av dei to opphavelege avdelingane bur det åtte personar med demensdiagnose.

Anna situasjon

Lars Larsen sette stor pris på at kona Astrid fekk plass i april 2015.

– Eg besøkte ho kvar dag, og det var triveleg, med pleiarar som hadde tid til å setje seg ned for å prate, trøste eller gå ein tur på gardsplassen. Eg var trygg, og Astrid var trygg, skriv han.

Han var nedkjørt etter perioden før Astrid fekk plass, og reiste bort om sommaren, i god forvissing om at Astrid var trygg.

– Når ho var trygg, var eg trygg, seier han.

Det er dette han meiner har endra seg sidan bemanninga vart redusert.

Larsen ser at pleiarane ved Sundtunet gjer så godt dei kan, men at det blir for travelt når to skal ta hand om åtte.

– Eg har nå i mai fått to førespurnader frå legen om å få auke dosen av angstdempande medisin, fordi Astrid er meir uroleg. Ho treng nokon til å snakke med seg når ho blir uroleg, og dei som er der rekk ikkje over alt, seier Larsen.

Folk er beste medisin

Han meiner at auka personalressursar hadde vore betre medisin for Astrid og dei andre demente.

– Vi tok dette opp i møte med kommunen i eit møte i fjor haust, seier Larsen.

I møtereferatet kjem det fram at miljøtiltak (det vil seie aktivitet av noko slag) skal setjast i verk og dokumenterast før Sobril eller anna angstdempande medisin blir gjeve.

Larsen skreiv også brev til ordføraren om situasjonen, i etterkant av eit møte om demens der også ordføraren var til stades. Det var 7. februar i år. Svaret kom frå verksemdleiar ein månad seinare, men Larsen tykkjer ikkje svaret er godt nok.

– Dei skriv at 1,2 årsverk er overført til Sundtunet, og at bemanninga derfor har auka, men det er jo framleis berre to på vakt på dagtid, seier han.

I brevet går det også fram at desse 1,2 stillingsressursane vart vedteke å bruke på natt og kveld.

Han blir også forsikra om at det går føre seg ei kontinuerleg vurdering av bemanninga, og at det kvar dag er arbeidd for å gje alle brukarane gode tenester. Brevet er underteikna av verksemdleiar Hanne K. Kvamme.

Dølen ønskte å stille spørsmål om medisinbruken hadde endra seg for dei to avdelingane ved Sundtunet etter at dagbemanninga vart endra. Og om det var gjennomført og dokumentert at aktivitetar/miljøtiltak vart forsøkt før medisinering. Kommunalsjef Sverre Sætre skriv i epost 30. mai, at dei måtte «ta ein intern runde for å avklare temaet de har sett søkeljos på» før dei kunne koma attende med ei seriøs og fagleg god attendemelding. Dei hadde internmøte om dette fredag førre veke. Spørsmåla og svara kan du sjå her.

Da Astrid fekk plass på Sundtunet, vart kvardagen tryggare for Lars Larsen også. Men redusert bemanning etter opning av ny avdeling gav ny uro. Foto: Guro Vollen