Håkon Gullvåg og Anne Kristine Thorsby har båe vore Peer Gynt-utstillarar før, mens Jørgen Platou Willumsen er ein ung fremadstormande kunstnar, som jobbar som billedkunstner og designar.

– Innfallsvinkelen for Peer Gynt-utstillinga til Platou Willumsen er «Seg selv nok». Balansen mellom å vera sjølvopptatt og sjølvbevisst, sett inn i ein kontekst om vår tids oljerikdom, skriv Peer Gynt as i ei pressemelding.

Symbol på kraft

Anne Kristine Thorsby si nye Peer Gynt-utstilling skal dreie seg omkring Solveig.

– Thorsby er opptatt av menneskets ibuande potensial gjennom Solveig – symbolet på eigenstyrke, kraft og handling.

Thorsby fekk sitt kunstnarlege gjennombrot med si Peer Gynt-utstilling under Peer Gynt-stemnet i 2004. Ho vart deretter invitert til New York med utstillinga «The Kingdom of Peer Gynt» i Trygve Lie Gallery i 2006.

Håkon Gullvåg har to gonger tidlegare vore Peer Gynt-kunstnar, mellom anna i Ibsen-året 2006.

Ei heilskapleg oppleving

Alle dei tre kunstnarane skal jobbe med måleri, og saman skal dei lage ei heilt ny Peer Gynt-utstilling, som har fått arbeidstittelen «Blikk». Tanken er i følgje Peer Gynt as at dei tre skal lage ei utstilling med kvart sitt utgangspunkt, men som saman skal skape ei heilskapleg oppleving.

Produsent for utstillinga er Galleri Zink ved Johan Mæhlum.