Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) bad i april Sør-Fron kommune om å vurdere busetjing av totalt 17 personar i 2015 og 14 personar i 2016.

- Vår intensjon vil være å auke busetingskapasiteten, og gjera vårt for å bidra inn i ei flyktningekatastrofe vi ikkje har sett sidan 2. verdskrigen, skreiv ordførar Ole Tvete Muriteigen i sitt svarbrev til minister Solveig Horne.

Sør-Fron kommune gjekk i mai ut med oppmoding til innbyggarane i Sør-Fron om å hjelpe til med å skaffe bustader til syriske flyktningar, for å avhjelpe flyktningsituasjonen etter borgarkrigen i Syria.

Null respons

Men responsen frå sørfrøningane har vore svært laber.

- Tilgangen på bustader er knapp. Kommunen sine eigne utleigebustader er allereie utleigd, og det har vore liten respons på den annonsen kommunen har sett inn i lokalavisa og regionavisa primo juni 2015. Det er med andre ord ikkje tilgjengelege utleigebustader i kommunen til å kunne ta imot nye flyktningar, skriv rådmann Janke Rasmussen i sitt saksframlegg til formannskap og kommunestyre.

I følgje rådmannen har responsen på annonsen vore liten og per dags dato er det ikkje registrert utleigarar som har meldt at dei har bustad for utleige til formålet.

Knappe ressursar

Men bustader ein ting, ressursar er ein annan ting. Dei er for knappe, også i Sør-Fron.

- Dersom Sør-Fron kommune nå skal imøtekomme anmodninga heilt eller delvis, vil dette krevje at det blir etablerrt eit større mottak anten i kommunen og/eller i samarbeid med andre kommunar. [...] Sør-Fron har ikkje med dagens ressurser kapasitet til å ta imot fleire flyktningar enn det kommunen allereie har gjort vedtak om, heiter det vidare i saksutgreiinga, som konkluderer med at kommunen nå ikkje kan imøtekomme anmodninga frå departementet, men vurdere den på nytt dersom dei økonomiske verkemidlane blir styrka.

Saka skal opp i formannskapet i Sør-Fron onsdag, og i kommunestyret 22. juni.