Publikum kan vente seg både troll og Peer Gynt, når opninga finn stad på Vinstra laurdag. Statssekretær Tom Cato Karlsen skal stå for sjølve opninga, som ellers har ein markant lokal kunstnarisk profil.

Lokale krefter

Krefter ved Vinstra vidaregåande skule er mellom dei som i høgste grad er involvert, når dansarar skal innleie seremonien til musikk av Vegard Moshagen.

Av andre lokale namn er også Øystein Rudi, Tom Willy Rustad, Ida Staal og dansarar frå skulen med. I tillegg kjem mangeårig Peer Gynt, Dennis Storhøi, til å ha ei rolle på vegopninga.

I videoen på sida teller vi ned til ei reise langs vegen, i samarbeid med NRK Hedmark og Oppland. Eit blikk på den nye vegen for dei som ikkje har høve til å ta turen sjølve på opningsdagen. Denne live-sendinga startar klokka 14.

Dølen er på plass på opninga laurdag, det vil bli oppdatert om opninga på nettsida ut over dagen.