Boka frå 2011 held framleis koken; nå er det britane som har lagt sin elsk på vedboka som tok heilt av her heime. Hel ved har på engelsk fått tittelen Norwegian Wood - noko forfattaren sjølv var litt usikker på.

- Eg var litt i tvil om den, men det ser ut til at den har det rette strøket av godt humør, samstundes som den seier noko om avsendarlandet. Det er heilt klart viktig for historia at avsendarlandet er eit kaldt land - det hadde ikkje vore det same om boka kom frå Portugal eller Marokko, seier Mytting til Dølen tysdag morgon.

Beste non-fiction

Boka vart heidra som Non-fiction book of the year, eller årets beste sakprosabok, av den britiske bokbransja. Magasinet the Bookseller står bak prisutdelinga, som kårar bøker ut i frå både forlagsarbeid og litterære kvalitetar. Prisen frå the British Book Industry Awards heidrar bøker som både er velskrivne og har glimrande forlagsarbeid, heiter det om utdelinga.

Forlagsarbeidet med Norwegian Wood består seg mellom anna av at boka er tilpassa litt til den engelske marknaden, fortel forfattaren. Mellom anna  er ho gjort meir praktisk for eit land med fleire treslag. Og så er det med fleire særnorske rariteter. (Les bokmeldinga frå engelske the Guardian her. )

- Til dømes har eg med ei historie som eg ikkje fekk forklaring på, før etter at boka kom ut her i Norge, seier Mytting.

Historia fortel at det om våren var spesielt mykje pipebrannar på ei  bestemt helg. Det syner seg at det kom av arbeid med sjølvmeldinga på papir - etter ein vår med struping av ovnen dermed eit godt lag av bek i pipa, vart alle kvitteringar frå føringa av sjølvmelding fyra opp og dermed tente heile sulamitten.

- Det er slike ting som er med å gjev ein ekstra smak av det norske, det er litt slik det er gjort, seier han.

Prisen for årets sakprosabok vart delt ut til Mytting i selskap med mellom anna tyske Giulia Enders, for boka som på norsk heiter "Sjarmen med tarmen".

Bøker som "tek fyr"

I følge the Guardian har Norwegian Wood av prisutdelarane vore eit eksempel på forlagsarbeid med ein visjon og stor tru på boka.

- Det har vore ein fascinerande prosess å gå gjennom så mange velutgjevne bøker og tenkje igjennom kva det er som får ei bok til å "ta fyr", seier juryleiar Cathy Rentzenbrink, som er redaktør i The Bookseller til the Guardian.

- Alle jurymøta var opplyfta av å sjå på historia bak utgjevnadene, som fortel ei viktig historie om britisk forlagsbransje - om at originalitet og individualitet verkeleg tel, seier ho.

Søkkrik ekskone

Mytting sjølv var ikkje til stades på prisutdelinga, men seier at redaktøren hans, Katharina Bielenberg, hadde sagt i takketala at juryen med dette antageleg har gjort heile Norge glade.

- Det blir jo som når Ringebu slår Fron, eller Midtdalen slår Lillehammer, eller alle døler slår Hamar. Det er jo stort for ei norsk bok i England, seier han.

Mytting har eit litt ambivalent forhald til Hel ved, etter så mange år der ho etter kvart er oversett til.

- På den eine sida er det historia og skrivemåten som har fått ho fram i andre land. Og eg er glad for at det gjekk så bra med den siste romanen. Det ville vore dumt å berre bli hugsa for ei bok om vedfyring, meiner han.

- Om eg skal spissformulera det, må det bli som å ha ei søkkrik ekskone som du har fem ungar med. Du blir aldri heilt kvitt ho, men det er ikkje heilt ubehageleg heller, seier Lars Mytting.