Harpefoss hotell inviterer nemleg til konsert med folkemusikkgruppa Morgonrode torsdag 10. november.

Morgonrode består av Helga Myhr på hardingfele og song, Selma French Bolstad på nyckelharpa, fele, oktavfele og song og sørfrøningen Rasmus Kjorstad på fele, oktavfele, og song.

Musikarkollektiv

Dei tre er klassekameratar på musikkhøgskulen, og bur saman i kollektiv, fortel Rasmus Kjorstad til Dølen.

– Kva så med musikken?

– Musikken vår er tydeleg prega av norsk folkemusikk. Elles har vi få, eller ingen grenser på korleis vi presenterer den. Besetninga er (kanskje?) unik, med hardingfele, nyckelharpa og oktavfele. I tillegg krydrar vi på med viser og bånsuller. Musikken kan kanskje skildrast som energifull, tankefull, drivende, vàr og utforskande. Dette er modernistisk folkemusikk, samtidig som vi godt kan spele ein slått heilt unison - heilt naken, fortel Kjorstad.

Morgonrode er ein aktiv trio som allereie spelt fleire konsertar rundt om i Noreg.

– I år har vi i tillegg vore så heldige at vi har fått spele på to av dei absolutt største folkemusikkfestivalane i Noreg: Jørn Hilme-stemnet og Osafestivalen, seier Kjorstad til Dølen.

I kveld, torsdag, kan du altså oppleve dei på Harpefoss hotell.