Den norske folkemusikktradisjonen kjem til sin beste rett i soloformatet. Det er fordi leikane ofte har ei enkel grunnform som gjennom ornamentikk, større og mindre variasjonar, samt personlege særtrekk kva gjeld tonalitet og rytmikk, vert til mykje meir avansert og impulsiv musikk.

Saman med kveding, eller «å syn­gje gåmålt», som Kristian P. Åsmundstad kalla det, er felemusikken noko av det mest særeigne kulturelle ut­trykket vi har her til lands, skriv plateselskapet Talik i ei pressemelding.

– Til saman freistar vi å spele låtane noko usentimentalt ved å skrelle bort eventuelle nasjonalromantiske idear rundt folkemusikken. Vi er interesserte i eit uttrykk som vil ein stad, som riv til seg og sender lyttaren av garde inn i musikken, seier Hans og Rasmus Kjortstad.

Debuterer saman

Dei to brørne går i dag båe på Musikkhøgskulen i Oslo. Plata «Pusinshi Ulla» er deira fyrste utgiving saman.

– Vi har vore så heldige å veksa opp med denne musikken, men har også vore opptatt av å sjå i andre retningar, som barokkmusikk av mellom anna J. S. Bach og H. I. F. Biber, via 60- og 70-talets folkemusikkrørsle i Storbrittania, som  til samtidsmusikk- og improutøvarar som Nils Økland, Christian Wallumrød, Streifenjunko, Sheriffs of Nothingness, Moskus og andre med tilknytting til plateselskap som SOFA, ECM og Hubro, seier Hans og Rasmus vidare.

Respekt for slåttetradisjonen

– Det er i alle fall vår enorme respekt for den eldre slåttetradisjonen i Gudbrandsdalen som ligg i botn, og vi trivst godt med å ta tak i noko som er ekstremt lokalt, for så å setje det inn i ein større kontekst.

Lydmester, Audun Strype, forstod umiddelbart at dei ville ha fram det råe og upolerte i musikken, seier spelemennene.

– Han har på mange måtar vore ein raud tråd i prosjektet, med røtene sine på Fron har han reist verda rundt i teneste for all slags rar musikk. Med god støtte fra produsent Anders E. Røine har vi fått selvutllit til å kjøre denne ideen helt ut, avsluttar dei.

På turne

Dei to brørne startar turneen sin i samband med platesleppet denne veka på Riksscenen i Oslo torsdag.

Fyrstkommande onsdag blir det høve til å høyre dei på hemebane – da er det konsert på Rudi gard.

– Hans og Rasmus Kjorstad er markante felespelarar i det unge folkemusikkmiljøet i Noreg, og dei studerer båe ved Norges Musikkhøgskole. Når dei spelar saman tek dei i bruk folkemusikkrepertoaret frå Midt-Gudbrandsdalen, og dei tradisjonelle låtane vert framført i gnistrande samspel, heiter det i ei pressemelding frå arrangøren, Rudi gard.