Med nokre månaders papirarbeid og oppussing unnagjort, er sambuarane nå klare med eit nytt kafetilbod i Ringebu sentrum.

- Eg har sakna ein lunsjplass, og det er der vi vil plassere oss. Varm lunsj, med heimelaga suppe, salatar, slik du ikkje får ellers her i sentrum, seier Trelvik.

Fløtte heim

NIna er frå Fåvang, og Ola er frå Østre Gausdal. Fire år i Bergen var over i fjor haust, da paret fløtte til Tretten.

Dei visste ikkje da at dei skulle starte kafe. Båe er utdanna illustratørar, og følte dei trong noko anna enn strøjobbar av det slaget å greie seg på.

- Å starte min eigen kafe er ein draum eg har hatt lenge. Eg har jobba på mange kafear, men ellers er vi heilt ferske i dette, seier ho.

Førebels er det dei to aleine som driv staden, men om det går så bra som dei ønskjer, kan det bli mogleg å utvide staben litt.

Akkurat på dag to er det litt tidleg å seie noko om korleis det ser ut til å gå. Ein søknad til det kommunale næringsfondet er også på veg, og da folk tok til å koma ved høgstdagstid løsna klumpen i magen, fortel Nina, som var usikker på opningsdatoen heilt fram til dagen før.

- Vi har vore heldige med lokala og utstyret her og har hatt mykje dugnadshjelp frå familien. Nå startar vi roleg og ser korleis det går, seier dei to.