Nå har dei gått til innkjøp av nye filmar ungdommen sjølve kan låne på biblioteket.

– Grunnen er at vi vil at  fleire skal låne filmar her på biblioteket i staden for å sjå film via internett, seier Inger Lise Heide Lillegård i ungdomsrådet til Dølen.

For 2015 tildelte Nord-Fron kommunestyret 42 000 kroner til ungdomsrådet. Midlane for 2015 vart fordelt på Kåja Camp 2015 (18 000 kroner), utvekslingsprosjektet «Naturally Europe» (8000 kroner) og LAN-party på Vinstra ungdomsskule (1500).

Biljard og bibliotek

Da årsrekneskapen for 2015 skulle gjerast opp på siste møte i rådet før jul, synte den at ungdomsrådet hadde ein god slump med pengar att, pengar som ikkje kan overførast til neste års budsjett. Dermed vart spørsmålet kva pengane skulle brukast opp på. Resultatet vart støtte til Kåja Camp, innkjøp av nytt biljardbord til ungdomshuset i Kåja og altså innkjøp av filmar til Nord-Fron bibliotek.

Bibliotekar Randi Nordlien Berg er glad for bidraget frå ungdomsrådet.

– Vi skal ha eit tilbod for alle, og ønskjer sjølvsagt at ungdommen skal bruke biblioteket. Dei veks ofte frå oss, og fell frå etter kvart som dei når ungdomsskulealder. Derfor kan dette vera med på å få fleire av dei hit til biblioteket, seier Nordlien Berg.

Star Wars og Mad Max

I underkant av tretti nye filmar til biblioteket har det vorte frå ungdomsrådets pengepung. Titlar som «Pitch Perfect», «Mad Max» og «Seven Psychopaths» har funne vegen til bibliotekhylla, samt heile Harry Potter-filmserien og episode ein til seks av Star Wars-sagaen.

– Vi har ikkje lagt noko føring på kva filmar ungdommen skulle kjøpe inn, seier Nordlien Berg.

– Var det vanskeleg å velje?

– Vi valde dei filmane som er populære nå, og som vi sjølv hadde lyst til å sjå, seier Heide Lillegård i ungdomsrådet.

– Ein kunne vel kanskje påstå, i  desse strømmetenestetider, at innkjøp av film til biblioteket, av ungdommen sjølv, er frykteleg gamaldags?

– Vi veit at det er mange ungdommar innom her, sjølv om mange ungdommar som regel ser på Netflix. Vi satsar på at dei nå vel å komme innom for å låne film, seier ungdomsrådsrepresentantane. Nord-Fron bibliotek og ungdomsrådet har nettopp avslutta samarbeidsprosjektet «Ungdommen sitt bibliotek» som har vore støtta av Nasjonalbiblioteket.

– Dette er ei oppfølging av det prosjektet, og starten på eit vidare samarbeid med ungdomsrådet. Vi treng dialogen med ungdommen, og bruker dei gjerne som rådgivarar, avsluttar Randi Nordlien Berg.