Torsdag kveld inviterte Fron Mållag til kulturkveld i Ruste bygdahus, der utdeling av målprisen var kveldens høgdepunkt.

Og det var sørfrøningen Asbjørn Myrvang, som framfor omlag 40 frammøtte, fekk tildelt prisen.

Rasmus Stauri overrekte prisen, ein uthola trekopp, "knul", laga av Kjell Skriubakken. Stauri understreka at Myrvang hadde vore ein trufast brukar av nynorsk både i arbeid og i dikting.

Ba om å roe ned

Asbjørn takka for prisen og sa at alt ifrå han var liten, hadde han tykt at nynorsk hadde noko heimsleg over seg. Lærarane, for eksempel Anton Bjørke, hadde betydd mykje for han. Dei la grunnlaget.

- Nynorsk likna på dialekta mi, og eg hadde glede av å skrive det, sa han.

Asbjørn Myrvang har sansen for det vakre i naturen og ba om at folk må roe ned og sjå oss omkring.

- I forsøket på forskjønning må vi ikkje gløyme det fine vi har i naturen.

Han avslutta med å lesa diktet «Gå sakte», som nettopp understreka dette.

Kulturkvelden starta med allsong, leia av Gudmund Teigen, før brørne Hans og Rasmus Kjorstad varta opp med vakker felemusikk, leikar i arv frå lokale spelmenn.

Magnhild Bruheim fortalde engasjert og levande om onkelen sin, Jan Magnus Bruheim, som har ein stor og variert produksjon av mellom anna barnebøker og diktsamlingar bak seg.

Hildegunn Maria Haanes Ruset losa dei frammøtte trygt gjennom kvelden, der det også var sett av tid til kaffi og kaker.