I administrasjonens forslag til budsjett for 2016, er det lagt inn ein reduksjon av rammetimetalet i skulane på 100 timar frå hausten 2016. Dette vil utgjere om lag fire årsverk, og ei netto innsparing på ein million kroner.

Dårlegare kvalitet

Nå har skuleleiarane sendt uttale til kommunen, der dei uttrykker bekymring for konsekvensane dette vil få.

Ein så stor reduksjon i rammetimetalet vil gje ein dårlegare kvalitet på opplæringa, meiner dei. Dei påpekar også at lærartettleiken blir mindre og at det blir vanskelegare å drive tilpassa opplæring i høve til krava. 7/12:i6T12x

Det er skuleleiarane Monika Laengen Solberg ved Harpefoss skule, Jon Monshaugen ved Sør-Fron ungdomsskule og Anne R. Almehagen ved Midtbygda skule som har sendt uttala.

Dei påpeikar også i sitt brev at Sør-Fron har ein eigen handlingsplan for inkluderande skulemiljø, som seier at skulen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø. Dette arbeidet meiner trioen vil bli utfordrande å følgje opp med reduksjon av stillingar.