I mellomtida rakk dei å søke dispensasjonssøknad frå kommuneplanas areadel. Dei varslar samstundes oppstart av arbeid med reguleringsplan.

I følgje dagleg leiar Marius Nordby i Impuls Eiendom, veit dei nå ikkje kva dei kjem til å gjera vidare, etter avslaget. Da Dølen tysdag var på Pyntaberget, dreiv elektrikarar med utskifting av brannvarslingsanlegget på staden.

Såg for seg hotelldrift

Tiltakshavar ønskjer i utgangspunktet ein kombinasjon av fleire moglege arealformål, går det fram av brevet om reguleringsplanoppstart til kommunen. Til UDI søkte dei om etablering av 104 plassar (95 faste og 9 stykkprisplassar).

Pyntaberget vart i midten av november i fjor kjøpt av Impuls Eiendom AS. Kontaktperson Marius Nordby sa til Dølen den gongen at salget skjedde på impuls, og at dei på sikt ser for seg hotelldrift, men at asylmottaksdrift kunne vera ein måte å "dekkje kostnader med å setja i stand". Dei åtte i selskapet skal ha bakgrunn frå sal og kundehandsaming.

– Kva gjer de nå, det er vel ikkje utan kostnader å sitte med dette utan å ha drift?

– Nei, det er kostnader på alt. Men vi har ikkje teke stilling til kva vi gjer, heller ikkje om vi trekkjer attende søknaden frå kommunen. Vi har akkurat fått svaret frå UDI, og veit ikkje kva vi gjer, seier han til Dølen tysdag ettermiddag.

Kjøpesummen selskapet måtte ut med for staden, var 6 millionar kroner. Det var OTT Eiendom som selde bygget, som ikkje har hatt drift sidan 2010.