Dei tre midtdalskommunene går saman om ei større breibandsatsing.

– I tettstadene våre er det kommersielt grunnlag for å bygge ut, der tek det å bli bra, men der det er spredt busetnad er det ikkje kommersielt grunnlag, her må det offentlege bidra, seier ordførar i Nord-Fron, Rune Støstad.

I søknaden heiter det at prosjektet er ein føresetnad for satsing på helseteknologi for eldre, for unges digitale læring og for robotisering av landbrket i prosjektområdet.

Kommunane inn med 6 millionar

– Dette er eit baksideprosjekt frå Losna i Sør til Kvam i nord, der vi søker om midler. Så lenge staten ikkje bidreg meir, må vi som kommuner bidra, seier Støstad.

– De søkte også i førre søknadsomgang, og potten på landsbasis er ennå mindre i år. Kva om de får avslag?

– Vi må legge til grunn at vi får støtte, men vi kjem uansett til å setje i gang uavhengig at Nkom. Nå skal innbyggjarane langs baksida få breiband, seier ordførarane i dei tre midtdalskommunane.

– Dette er fyrste steg på satsinga på breiband i Midtdalen, vi kan søkje på nytt kvart år, seier han.

Eigendel til husstandane

Breibandsprosjektet i Regionrådet har også med fylkeskommunen i styringsgruppa. Rune Støstad er leiar for styringsgruppa, Håkon Hermansson er engasjert som prosjektleiar.

Baksideprosjektet har 869 bustader og totalt 2244 personar.

Nord-Fron står formelt som søkjar, men prosjektet er felles for dei tre Midtdalskommunane gjennom Regionrådet.

I år har staten løyvd 6 millionar kroner til breibands utbygging for heile Oppland fylke, gjennom midlar til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, Nkom. Det er også fylkeskommunen som prioriterer midlar overfor Nkom frå kvart fylke.

Oppland fylkeskommune sin pott på 22 millionar kroner til same formål, får søknad om same summen, og kommunane har sjølve også til hensikt å bidra med tilsvarande.

Den største potten blir på utbyggjar og innbyggjarane.

– Vi har i eit grovt overslag gått ut i frå ein kostnad til kvart hus på 30 000 kroner. Da går vi ut frå at 20 000 av dette blir subsidiert, og at innbyggjarane betaler 10 000, seier prosjektleiar Håkon Hermansson.

Totalt er prosjektet, som tek sikte på å føre fram breiband til dei mest grisgrendte strøka av Midtdalen, på 53, 3 millionar kroner.

Hvor mange som får, avhenger av den støtta regionrådet oppnår.

I tillegg til baksida er nokre stader, som av staten er definert definert med ekstra dårleg tilgang, med i søknaden. For Midtdalen gjeld det Kvikne, Leinebakkane og Kvarvet.

I tillegg er Brekkom teke med for å få ei lik fordeling i dei tre kommunane.