Biletet syner biler som er parkert langs vegen, og vart sendt anonymt til forvaltningsmyndigheitene, som tips i den pågåande saken.

Dølen fekk kjennskap til biletet 9. april, i samband med arbeid med saken om brøyting av vegen innover Frydalen landskapsvernområde. Vi fekk greie på at biletet var tatt i påska, og at det synte privatbilar med skiboksar på taket, parkert innover vegen der det er ferdselsforbod i følge forskrift mellom 1. desember og 1. juni.

Nøyaktig tre veker etter det fyrste innsynskravet, fekk vi i dag biletet, etter avslag, klage og lang sakshandsaming.

Planlegging av tømmerdrift

Biletet, som i arkiva hjå fylkesmannen har fått tittel "Tips om mulig brudd på verneforskrift", syner som Dølen hadde fått opplyst, parkerte bilar med skiboks på taket.

Bilane er parkert langs vegen som skulle vera brøytt opp for tømmerdrift, til trass for at slik drift ikkje var omsøkt før påske. Det var Sødorp sameige, ei samanslutning av grunneigarar i området, som fekk i stand brøytinga. I si forklaring til Dølen var det på bakgrunn også av planlegging av tømmerdrift, at vegen vart brøytt opp.

Da brøytinga  vart kjent, oppretta SNO, Statens naturoppsyn, sak. Rapporten frå SNO og svar frå sameiget utgjer også vurderingsgrunnlaget når nasjonalparkstyret for Rondane - Dovre skal avgjera eventuelle reaksjonar i saka. Nasjonalparkstyret har allereie sett opp skilt om ferdselsforbod, det skjedde 13. april.

Påsketrafikk ikkje innafor

Dølen konfronterte tidlegare leiar av nasjonalparkstyret, Bengt Fasteraune, med bildedokumentasjonen vi hadde kjennskap til, om at det hadde vore «sivil» trafikk inn i området i påska. Dølen hadde sjølv også fleire uavhengige kjelder som fortalde om parkering og kjøring på vegen i løpet av påskeveka.

– Er påsketurisme ferdsle som kan vera innanfor reglementet i landskapsvernområdet?

– Nei, det kan vi slå fast ikkje er innafor, seier Fasteraune til Dølen 20. april.

Nasjonalparkstyret skal ikkje ha sitt fyrste ordinære styremøte før i juni.