Ja, mykje handlar om å vise kva næringa i Midtdalen kan by på Men ikkje berre det, i følge arrangøren.

– Vi vil skape liv og røre, det blir aktivitetar og mykje både å gjere på og å smake på for dei som tek turen, forsikrar Marthe Dypdalen, som er leiar i Nord-Fron bondelag.

Saman med Nord-Fron sau og geit Nord-Fron småbrukarlag og Kvikne bondelag, skal dei skape liv og røre i Kåja laurdag.

Mange aktivitetar

Og det handlar nettopp mykje om å vise seg fram; vise kva næringa står for.

– Alle maskinforretningane blir med, i tillegg vert det mange som skal stå på stand, som byggforretningar, lag og organisasjonar, 4H, bygdeungdomslaget og meieret og slakteriet, seier Mari Synnøve Aasen Slåen, i Nord-Fron sau og geit.

Men det blir ikkje berre noko å sjå på under landbrukets dag. Også mange aktivitetar står på programmet, som ridning og natursti for ungane. Fleire dyr kan ein også sjølvsagt sjå på ein slik dag; både ku, sau, høner, geiter og gås.

Uhøgtideleg kalvemønstring

Elles kan ein også få prøve seg på sauklypping, med nokre av dalens beste klypparar som inspirasjon.

– Det skal vere oppvisning i sauklypping, med Bjørnar Bakken som speaker. Så kan ungane få prøve saksa også, fortel Vemund Hagen i Nord-Fron småbrukarlag.

– Ungane kan også stille opp i ei uhøgtideleg kalvemønstring, legg han til.

Når ein også kan få med seg gjetarhundoppvisning og traktor- og reiskapstevling i regi av Fron bygdeungdomslag, kan det tyde på at det kan bli ein aktiv dag i Kåja.

– Vi har vore med under Byfesten tidlegare, men vi fann ut at vi trengte meir plass. Det skal vere ein dag for heile familien, dette. Der alle kan finne noko interessant, seier Dypdalen.

– Kvelden tek vi på Rudi gard, der det er vårfest med Byting og Hillabies, legg ho til.