I desse reformtider kan mange tankar spinne i hovudet på ein. Er vi eigentleg best saman? Eg er overbevist om at vi er det. Økonomien styrkast, tenester blir samla og utviklast vidare. Midt-Gudbrandsdal kommune skal bli Opplands største landbrukskommune.

Vi er for små, og har stundom så mykje felles her i Midtdalen. Kvifor kan vi ikkje slå oss saman og bli betre saman?

Tidlegare ordførar i Nord-Fron, Olav Røssum (SP) hevdar at han vil seie «Ja» til Nord-Fron. Eg seier «Ja» til Nord-Fron, «Ja» til Sør-Fron, «Ja» til Ringebu og «Ja» til Midt-Gudbrandsdal kommune!

Han seier også i eit anna lesarbrev at ein slik kommuneorganisasjon vil bli ineffektiv. Har han eigentleg noko grunnlag for påstanden sin?

Grensene er ikkje avgjerande, det viktige er innhaldet. Tilbod til innbyggjarar, ungdom, eldre og gode arbeidsvilkår for dei tilsette skal vere det viktige. Næringsutvikling og landbruk skal det satsast på, men no får vi meir pengar til dette.

Intensjonsplanen er ferdig, og har kome ut til husstandane i Midtdalen. Her finn du mykje bra punkt om du er usikker, og den er eit fint oppslagsverk dersom ein er ute etter svar.

Ungdomen er visst ikkje så engasjert i kommunereform, meiner mange. Saka er at ungdom vil engasjere seg, men føresetnaden er å forstå. Kommunereform er innvikla, og ikkje så lett å forstå – viss ein ikkje bruker tid på det. Mange ungdomar vil stemme, men politikarane må bli endå flinkare til å nå ut.

Eg har førehandsstemt, og eg oppmodar alle som ikkje har stemt til å gjere det.

Saman er vi sterke, ja til ein framtidsretta kommune. Ja til Midt-Gudbrandsdalen kommune.