Hugsar du denne saka frå oktober i fjor?

Ordførar i NOrd-Fron, Rune Støstad gjekk ut i Dølen og etterlyste innspel frå folket på kva ein kunne utsmykke rundkjøringane ved nybrua i Lomoen med. Han ville at dei reisande skulle peike og seie «Der er den!» og vite at dei var kome til Vinstra.

– Vi er ein kraftkommune, kanskje kunne vi hatt noko i tilknyting til det? Eller kanskje noko i betong som viser at dette er betongbyen Vinstra? Eller ein traktor? Elles har vi jo ei internasjonal merkevare i Peer Gynt, sa Støstad til Dølen den gong.

Hadde ein plan

I september i år vart det klart at det i staden for skulptur blir furutre og einer som skal pryde rundkjøringane.

– Kva skjedde eigentleg med skulpturplanane, Støstad?

– Eg var i kontakt med vegvesenet om dette, dei tykte ideen om ein skulptur var interessant, men eg fekk beskjed om at dei hadde ein plan. Det ser vi konturane av no, seier Støstad.

I rundkjøringane er det planta furubusker og einer.

Har ikkje gitt opp

Støstad understrekar at han slett ikkje har gitt opp.

– Vi har ikkje sleppt tanken. Eg syns framleis at vi i ei anna type rundkjøring eller ein anna sentral plass viser reisande at dei har kome til Vinstra. Det må ikkje vere ein skulptur, det kan også vera andre symbol. Vi har fått eit forslag og eit tilbod frå Vinstra kraftselskap om å få ein turbin frå dei. Den kan bli stilt ut og ljossett på ein eller annan måte, seier Støstad.

Spørsmålet blir kor.

– Vi har vore i kontakt med Per Tore Teksum som bygger Vinstra handelspark. Han har forsterka taket på delar av bygget, så der kan vi få opp eit eller anna som viser at folk er komne til Vinstra, seier Støstad.

Kanskje skal ein kraftturbin på Teksum-taket fortelja reisande at dei har kome til Vinstra? Foto: Bjørn Sletten