Raga Rockers kompletterer lista til neste års Rondaståkfestival. Frå før er Valentourettes, Dum Dum Boys og De Lillos på plass.- Det blir ei fin jul, seier ein kjempeglad festivalsjef Pål Torsgård. Saman med den andre festivalsjefen, Ole Jacob Grauphaugen, har dei greid det ingen før har klart, nemleg å få dei fire frå rockens gullalder saman på same festival.

Torsgård fortel at det ikkje var dette dei såg for seg da dei starta jobben med neste års festival, men med gode attendemeldingar etter årets festival, litt tilfeldigheiter og stor interesse etter at salget til neste år vart sett i gang, gjorde at det vart mogleg å få det til.

- Ikkje minst har vi hatt mykje salg den siste veka, seier Torsgård, som ikkje ønskjer å seie noko om kor mange pass som er seld, eller om dei kjem til å legge ut fleire. - Det er 1500 pass vi har lagt ut, det er det vi har kapasitet til med tanke på sanitærforhald og slik, men det kan sjølvsagt endre seg, seier han.

Det var VG som fyrst skreiv om kuppet til festivalen på Kvamsfjellet.

Eit lite hint om kva som skulle koma, fekk vi frå facebooksida til Råndaståk 13. desember. Der annonserte dei at det kom til å bli stor nasjonal merksemd neste veke, og fortalde også om stor interesse etter at dei slapp nyheita om DumDumBoys og DeLillos.

Valentourettes (band sett saman av banda til Jokke) var allereie på plass - dei har vore fast på kvart Rondaståk - dermed er nå ei komplett liste på plass med dei fire store i norsk rock.