Arnfinn Aasen og Tone Harr Lind kjøpte bygget i påska. Nå har dei håp om å gjera gull av gråstein.

– Folk i Ringebu har ikkje vore veldig fornøgde med korleis det har sett ut her, seier Arnfinn Aasen.

Men går det som han og Tone Harr Lind ser for seg, blir det snart ei endring på det. For drømmen er at den gamle verkstadbygningen ved Våla blir bygd om til leilegheitsbygg – kanskje med ein kafé eller eit galleri i kjellaren?

– Ja, hadde ikkje det vore koseleg? seier Tone Harr Lind og syner fram skisser av korleis Vålehagene skal bli.

Har trua på Ringebu

Åtte leilegheiter i alt, med tilhøyrande garasje i underetasjen, samt opp til tre næringslokalar i kjellaren skal lokke ringbyggingar og andre til Vålehagene.

– Det er jo eit utruleg fint område ned mot elva, og så har vi veldig trua på Ringebu og landsbyen. Her blir det lagt ned mykje arbeid i at folk skal trivast.

Dersom Vålehagene blir realisert, vil den nye gangbrua over Våla gjere leilegheitsbygget til ein naturleg del av sentrum i landsbyen. Med ny daglegvarebutikk på Vålejordet i tillegg, kan Aasen og Harr Lind konstatere at prosjektet deira ligg «midt i smørauga».

– Men er det marknad for denne typen leilegheiter i Ringebu?

– Ja, det trur eg, og i følgje meklarar er det etterspørsel etter denne typen leilegheiter i Ringebu, seier Aasen.

Lamslått over responsen

Og at leilegheitsbygging er i vinden, syner også rykande ferske tal frå Boligprodusentenes forening. Bustadbygginga i Norge tok seg nemleg kraftig opp i juni.

– Det er leilegheiter som står for heile aua. Einebustader og småhus ligg på same nivå som i fjor, seier administrerande direktør i Boligprodusentenes Forening, Per Jæger i ei pressemelding.

Det er godt nytt for utbyggarane av Vålehagene, og Aasen og Harr Lind fortel at dei allereie har hatt henvendingar frå fleire angåande prosjektet.

– Vi er rett og slett litt lamslåtte over responsen vi har fått. Veldig mange har kome til oss med hyggelege kommentarar, og vi har også hatt eit par, tre konkrete førespurnader om leilegheiter, men det er jo vanskeleg å vite pris og slikt ennå, seier dei. – Fyrst må vi finne ut kva kalaset kjem til å koste, legg Harr Lind til.

Dei er nå i forhandlingar med entreprenørar for å rekne på prosjektet, og Aasen håper å vera i gang med bygginga i løpet av året.

Verkstaden slik den ser ut i dag, med brukaret til den nye gangbrua over Våla til venstre. Foto: Bjørn Sletten