Det opplyser Norges fotballtrenerforening på sine nettsider tysdag.

I slutten av oktober vart Nedrebø frå Vinstra kåra til Årets grasrottrenar i Indre Østland fotballkrets, og gjekk dermed i lag med 18 andre kretsvinnarar vidare til landsfinalen.

Nå er stemmeperioda over. Dei kandidatane med flest stemmer er finalistar, og blant desse fem finn vi nettopp Nedrebø.

Sjå kven finalistane er lenger ned i saka.

Magne Nedrebø (t.h.) fekk utdelt prisen i pausa i kampen mellom HamKam og Strømsgodset. Foto: Freder Garshol/HamKam

Kan vinne pengar

Alle desse fem blir invitert til Cupfinaleseminaret i Oslo i slutten av november, der grasrottrenarprisen skal delast ut.

Juryen som skal plukke ut ein vinnar blant dei fem finalistene er: Ingvild Stensland, Elin Nicolaisen, Ane Eide Kjærås, Brede Hangeland, Geir Midtsian og Bo Folke Gustavson.

Alle kretsvinnarana har allereie motteke 10 000 kroner til sin klubb, så Fron fotball sit uansett att med ein god slump med pengar på grunn av nominasjonen av Nedrebø. Dersom vinstravêren stikk av med sigeren på nasjonalt nivå, kan klubben få ytterlegare 20 000 kroner.

Årets Grasrottrener blir i tillegg Norsk Tipping sin gjest under Idrettsgallaen på Hamar i januar 2023.

Til Dølen uttrykte Nedrebø at han eigentleg ikkje var så glad i slik oppmerksomheit.

– Men eg må jo takke Jorunn Alme som nominerte meg og alle som har stemt på meg. Det er jo heilt rart dette! Det er nok fleire som hadde fortent ein slik pris, sa han også.

I grunngjevinga frå Indre Østland fotballlkrets for å kåre Nedrebø til deira grasrottrenar skreiv dei:

«Magne har en egen evne til å motivere, inkludere og få spillere til å trives! Han stiller krav til spillerne, men han gjør dette på en måte som gjør at spillerne stortrives og gleder seg til å komme på trening».

Dei nominerte til Årets grasrottrenar i heile Norge er:

  • Kai Tore Molund – Nordreisa IL, NFF Troms

  • Magne Nedrebø – Fron Fotball 2010, NFF Indre Østland

  • Pål Øystein Berg – Ballstad UIL, NFF Hålogaland

  • Maria Alexeeva – Kirkenes IF, NFF Finnmark

  • Henning Vetås – Nordhordaland BK, NFF Hordaland

Magne i aksjon som trenar i Kåja. Foto: Ole Magnus Røen