Eg vil ikkje sleppe dette emnet heilt. Viss eg skal bruke plass i avisa på noko som eg meiner er viktig for samfunnet vårt her i Midt-Dalen, så er det kva vi kan gjera for å få folk til å busetja seg her.

Det startar med folk. Det er folk som skapar miljø, møtestader, arbeidsplassar og skatteinntekter. Det er folk som kjem med idear, utfordringar, visjonar og kapital. Og folk reiser etter næringsgrunnlaget, det har vi drive med ganske lenge. For 10 000 år sidan reiste dei nordover etter reinen, for 200 år sidan reiste dei til Amerika etter jordbruksarealet, og for hundre år sidan reiste dei til industribyane etter arbeidet. I sum har dette ikkje gått i bygdene sin favør, reint folketalsmessig. Utvikling i folketalet må vera det viktigaste måltalet å styre etter for kommunane våre. Går denne pila i feil retning over for lang tid, er det ikkje mykje anna å jobbe for.

Tradisjonelt sett har regional utvikling handla mykje om å legge til rette for næringsutvikling med utgangspunkt i lokale føresetnader. Nye arbeidsplassar skal gi nye innbyggarar. Det vil framleis vera viktig. Men i dag er det også slik at mange, særleg blant dei som tek høgare utdanning, først og fremst arbeider med hovudet. Det er utviklarar, rådgjevarar, ingeniørar, kunstnarar, prosjektleiarar og andre. Dei har betalt for å tenke, og kan i praksis arbeide kvar som helst. Når høgt utdanna folk ikkje lenger må reise til dei store byane for å arbeide, blir det vår jobb å sørge for at folk ikkje held fram med det berre av gammal vane. Dette er ein ganske ny moglegheit for oss, som vi må lære oss å utnytte betre.

Men det er ikkje heilt nytt heller. Den amerikanske forskaren og forfattaren Richard Florida lanserte desse teoriane om “den kreative klassen” i tilbake i 2002. Kvifor har vi ikkje lykkast i større grad med å få desse folka til å flytte hit? Florida trekk fram nokre viktige føresetnader for å få til dette; teknologi, talent, toleranse og territoriale verdiar. Ein må sørge for å henge med teknologisk, samle talent, vera tolerante i møte med nye folk, og spele på dei naturgjevne føresetnadene ein har. Kort fortalt utfordrar Florida den tradisjonelle årsakssamanhengen som seier at næringsutvikling gir busetjing. Han snur om på det, og seier at busetjing er ein føresetnad for næringsutvikling. Er det attraktivt nok å bu her, så vil det dukke opp nye arbeidsplassar etter kvart.

Eit lite, men konkret eksempel på vellykka satsing på teknologi og talent har vi i Innovasjonssenteret i Ringebu. Eg har sjølv hatt nokre arbeidsdagar her og merka kor givande det er å vera del av eit moderne kontorfellesskap der du kan møte nye folk frå andre bransjar enn din eigen. I podcasten Hælt Ekte pratar administrerande direktør i Tinde, Audun Skattebo, om at dei næringane som er store i Midt-Dalen i dag er gode utgangspunkt for vidare gründerverksemd. Idear må brytast og formast før dei blir riktig gode, og dette skjer aller best i møte med andre nysgjerrige som ser noko frå ein ny kant. Da er slike møtestader gull verdt.

Ansvaret for å legge til rette for utvikling av teknologi og talent kan vi kanskje til ein viss grad overlate til næringsliv, kommunar og andre institusjonar. Men toleranse er det berre du og eg som kan ta ansvar for. Det handlar om korleis vi møter nye folk, korleis vi helsar på butikken eller inviterer heim. Der trur eg faktisk - dessverre - vi har ein del å gå på. Sjølv om vi som har budd her lenge kjenner oss trygge og velkomne der vi fer, trur eg ikkje alltid det er så lett å vera ny.

Den siste føresetnaden, dei stadbundne eigenskapane, er det vanskelegare å gjera noko med. Derfor står Gudbrandsdalen godt i det! Vi er relativt sentralt plassert, samtidig som vi har storslått natur å by på både sommar og vinter. Både regionen og folka som bur her har eit godt rykte og ei solid historisk og kulturell forankring. Dei aller fleste i landet kjenner til Gudbrandsdalen og eg vil meine at denne kjennskapen har eit positivt forteikn for svært mange. Det er ikkje sjølvsagt. Det er mange lange dalar i dette landet som ikkje har den same statusen. Dette må vi ta vare på.

Med dette utgangspunktet er det opp til næringsliv og kommune å tiltrekke seg talent og teknologi, skape møtestader og bygge vidare på dei gode initiativa som dukkar opp. Vi må drive aktiv og oppsøkande rekruttering av unge og og nyutdanna. Så må vi alle strekke oss langt for å sørge for at kvar einaste tilflyttar blir verande her. Det er vårt felles ansvar.