Det er ingen, uansett korleis ein vrir og vendar på det, som trur at å sparke bein på en eittåring vil hjelpe han å bli å god til å gå. Ei heller vil eit hardt og uvarsla slag i ryggen slik at poden går på trynet, hjelpe noko særleg på ferdigheitene.

Derimot vil ein trygg arm å halde i, ofte være det som skal til for å bli stødig. Å lære å gå vil også innebære å bli god til å falle. I starten treng du kanskje at nokon lyftar deg opp att, og set deg ned at på begge beina. Etterkvart klarar du oppgåva med litt ros og positiv bekrefting på at du er på riktig spor. Når du har vorte skikkeleg god til å gå, kan trappegrinda fjernast, og du kan forsere trappa på eiga hand.

Og slik kjem livet til å bli; falle, reise seg, falle og reise seg opp at. At livets trapp har eit godt gelender, er avgjerande for om forseringene blir fatale eller bagatellmessige. Dei fleste falla (for falle kjem du til å gjere) vil gje deg berre skrubbsår, medan andre fall vil gje deg opne og kompliserte brot.Dette skal ein være klar over;

I løpet av livssyklusen så skal vi bære mange roller, og dei rollene kan snu på sekunder. Fra å være ein som treng eit gelender å halde i, så skal du i neste augeblink sjølv være eitt for andre. Kva slags gelender vil du da være? Å være eit godt gelender handlar ikkje alltid om at det skal være skore i akantus og dekorert med bladgull, men det skal heller ikkje være så råttent og fullt av flis og kvist at det lagar varige sår i den som er avhengig av å nytte seg av det. Det siste treng du minst av, når du er sårbar og ber om støtte.

Eg har hatt og møtt mange gode gelender i mitt liv. Gelender eg har hatt bruk for i nokre minutt i form av ei venleg stemme i andre enden når ein ringer legekontoret, banken eller læraren og så bortetter. Familiære og venskapelege gelendere med lim som ikkje losnar, ein del av dei også dekorert med bladgull. Gelender som eg veit heng godt fast i livstrappa, enten eg ber om det eller ikkje.

Ein blir ikke frisk av ei venleg stemme på legekontoret, ein blir heller ikkje gjeldfri fordi om kundebehandleren på banken er hyggeleg. Det er ikke eingong sikkert ein finn ei løysing. Men at ein blir høyrt, forstått og har ei imøtekommande medmenneskje å prate med med vil gjere den trasige trappa litt lettare å gå i.

Mange er heldige og har livet fullt av solide gelender i form av vener, familie og kollegaer som er med og tar brodda av livets trappeturar. Berre tanken på at du har eit godt gelender gjer at du ikkje treng å berøre det eingong, medan andre gonger må du kanskje blåhelde i gelenderet for at du i det heile tatt skal tørre å røyve deg.

Andre menneskje har ikkje noko naturleg gelender! Kanskje er familien og venene få, og om dei finst så er dei på kanskje på ein anna kant av landet- eller kanskje til og med på den andre sida av verda. Kva skal dei da halde i?

For ein del tiår sidan var det heilt greitt å gje ungane øyrefikar og juling, læraren brukte spanskrøyr og skammekrok, og øvrigheita tok ikkje fem øre for å setje deg i offentleg gapestokk. Det er mange og svært gode grunnar for at desse metodane ikkje lengre er i bruk,og at fysiske avstraffingar er ulovlege. Dei fungerte ikkje, og dei gjorde ikkje noko godt for nokon. Det var primitive maktovergrep av siste sort.

Dessverre skjer maktovergrep i store omfang i dag også , men i avanserte former. Desse er meir subtile - arroganse, latterlegjering, ei kald skulder når du treng bistand, akademisk skriftspråk som hersketeknikk, avvising utan god og forståeleg begrunning er nokre av dei.

Du som er tilsett for å hjelpe eller sit i ein maktposisjon, og som brukar slike metoder – og for å sitere Stein Torleif Bjella «har du nokon gong i det minste tenkt på det kunne ha vore deg?».

Kanskje er det på tide å gjere på noko anna, om det ikkje fell seg naturleg å slutte med å være eit råttent gelender. Gevinsten din i livets lotto kan fort gå tom, og plutseleg kan det vere du som står og vippar på toppen av trappa. Da får ein håpe gelenderet held, eller at nokon tek i mot deg nederst i trappa!